Rådsmøte 7. og 8.september 2020

Rådet hadde møte 7. og 8.september 2020. Rådet planlegg ein konferanse i mai 2021, der følgjande tematikk står på programmet:

  • Livsmeistring: Elevars rett til privatliv og lærars handlingsrom. Kva er profesjonen kompetent til og kva er etisk utfordrande å pålegge lærarar å gjennomføre. Kvar går skiljet mellom læring og terapi?

  • Styring og handlingsrom i profesjonsutøvinga: Kva bør lærar utøve i si gjerning basert på eiga utdanning, erfaring, forsking og politiske vedtak?

  • Vurderingspraksis i fagfornyinga. Korleis kan systematisk etisk refleksjon legge grunnlag for god vurderingspraksis sett i lys av ny vurderingsforskrift?

  • Digital skule: Har me oversikt over etiske dilemma knyt til den raske digitale utviklinga i skulen? I så fall; korleis bør me handsame utfordringane?

Gasta Design