Har du saker til Lærerprofesjonens etiske råd?

Har du saker til Lærerprofesjonens etiske råd?

7. og 8. september skal me ha vårt neste møte. Hovudområdene me arbeider med dette året er:

- korleis støtte opp om eit etisk språk i profesjonen

- vurderingspraksis

- korleis rettleie i saker av prinsipiell karakter som gjeld ytringsfridom i profesjonen.

Rådet tek også mot saker av anna karakter enn desse. I år kan til dømes fortolkinga av fagfornyinga by på etiske dilemma.

- Kva er djupnelæring og korleis kjem me dit?

- Kva er livsmeistring og korleis kjem me dit?

Send oss ein mail innan 22.august om du har saker me kan vurdere til møtet 7. og 8.september.

Mbh Ingunn Folgerø

Leiar i Lærerprofesjonens etiske råd

Gasta Design